Fleirvalsoppgåver i norsk
 Publikasjoner 

I dette nummeret av Norsknytt (2016/4)utgjer fleirvalsoppgåver ein stor del......

Nærmare to hundre fleirvalsoppgåver om norskfaglege tema er samla i bladet. Desse kan brukast i oppløpet til eksamen både i norsk skriftleg og norsk munnleg. Dei kan vere nyttige for elevar som sjølv likar å ha oversikt, eller sjølvsagt også som vurderingsgrunnlag for overarbeidde norsklærarar. Norsk er eit utfordrande fag å sette standpunktkarakter i, og slike konkrete fleirvalsprøver kan bidra til at læraren blir tryggare på utfallet. Oppgåvene har store skilje i vanskegrad. Nokre av oppgåvene er nok i vanskelegaste laget (til og med for dyktige norsklærarar - om det er lov å antyde!). Oppgåvene kan i tillegg gi både elevar, lærarar og foreldre eit inntrykk av kor breitt faget femnar. Til oppgåvene følgjer to sider med lærarrettleiing for dei som er i villreie.

Eksamensrettleiinga i norsk skriftleg våren 2017 er endra. Nokre nye omgrep har kome til, og dette skaper behov for stille spørsmål. Mellom anna er feltet med førsteinntrykk i vurderingsmatrisa borte. "Layout" er kanskje det omgrepet som reiser flest problemstillingar. Kva stor fridom har eigentleg elevane til sjølv å utforme teksten og oppsettet?

Dei beste ungdomsbøkene i 2016 er gjennomgått over tre sider i dette nummeret. Her er det mykje kvalitetslitteratur å tipse elevane om - på alle tre trinna! I tillegg har vi fått med ein filmomtale av den australske moderniseringa av Vildanden (Norsknytt-redaksjonen får aldri nok av dette briljante stykket).