Eksamen - sjølve meininga med livet
 Publikasjoner 

Leiar - Norsknytt 2-3/2017

Eksamen. Vi får aldri fred frå denne menneskeskapte trusselen som dukkar fram på nytt kvar vår, som ei spirande solsikke for nokre, som ein pansertett brunsnegle for andre. Norsknytt-redaksjonen har dykka djupt inn i denne direktoratmaterien og laga eit saftig knippe oppgåver som kan hjelpe ungdommane til å møte førebudde til eksamenssituasjonen, så vel som tentamen og andre skriveøkter i norsk.


Denne våren var temaet kommunikasjon, ikkje mindre. I dette nummeret er noko fokus retta mot sjølve førebuingsmateriellet, men mesteparten av utgåva rettar seg mot ordlyden i oppgåvene, både i a-delen og b-delen. Her er også nokre sider med alternative oppgåver til eksamensmateriellet. Blogginnlegg som sjanger blir problematisert i form av nokre spørsmål som kan vere aktuelle å drøfte for norskseksjonane rundt omkring. Meir om sjølve eksamen står også undervegs i bladet.

Heile nummeret er ikkje via til eksamen. Her er også fokus på skrivetrening og å kunne eksperimentere litt med eige språk. Her er åtte sider med oppgåver som kan gjere elevane meir merksame på korleis dei formulerer seg, samstundes som dei kan ha det moro – ein viktig eigenskap ved den kreative delen av norskfaget. Nokre av oppgåvene i dette settet rettar seg mot det å skrive spenningstekstar. Derfor er her også to sider med krimquiz.

Bokomtalar har vi også i dette nummeret, både av ungdomsbøker, men også ei samling romanar knytte til andre verdskrig. Vi har samla bøker der andre verdskrig er bakteppe. Dette er med eit tverrfagleg samarbeid mellom samfunnsfag og norsk i tankane. Mange norsklærarar har også samfunnsfag og då er det fint å kunne finne felt der desse overlappar. Løvekvinnen er eit nyleg filmatisert verk som kan tilføre usikre ungdommar mykje refleksjon om mellom anna kva skjønnheit er. Her er oppgåver til anten bok eller film, eventuelt ei samanlikning mellom boka og filmen.